1. mai-feiring også i Svelgen

Nærare 150 personar var møtt fram til 1. mai markering i Svelgen Samfunnshus, der det vart servert kaffi og kaker.

Det vart apellar av Knut Sande Industri og Energi, Aud Marit Sortevik, Bremanger Arbeidarparti, Alice Holm leiar ungdomspolitisk utval , Øyvind Grindheim EL og IT og Odd Birkeli. Hovudtalar var Nils P Støyva Distriktssekretær i LO Sogn og Fjordane.

Fokus m.a. på internasjonal solidaritet, nettariff, ungdomstiltak, sosial dumping og kystveg.


Det var fullsatt sal i Svelgen på 1.mai


Mellom talarane var også styremedlem i Elektroarbeidernes Fagforening, Øyvind Grindheim