Åpning med bismak

Hardangerbrua vart åpna 17. august. Elektroarbeidernes Fagforening deltok med fane og banner mot sosial dumping.

Hardangerbrua vart den 17. august åpna offesielt av Liv Signe Navarsete. Elektroarbeidernes Fagforening var til stades for å protestera mot at det har foregått sosial dumping ved bygging av brua. Polske elektrikarar har berre fått 55 kroner timen for å arbeide der. Sjølv etter fleire brev og møter har enda ikkje Statens Vegvesen klart å ordne opp slik at elektrikarane har fått den lønna dei fortjener. Fagforeinga delte ut informasjon om saka, noko Liv Signe Navarsete også tok i mot og ho fortalde at ho kjende til saka. Vegvesenet må rydde opp!