Byggeplassbesøk til Wartsila sitt kontorbygg på Heiane

4. februar var Elektroarbeidernes Fagforening på byggeplassbesøk på det som skal bli Wartsila sitt nye kontorbygg på Heiane på Stord. Det er Caverion frå Bergen som har fått jobben, og dei har gjort avtale om 4-3 arbeidstidsordning på prosjektet. Utfor hovudinngangen vart me tekne imot av Stein Hagesæter som er bas på jobben, og Sverre Brynjulfsen. Det er om lag 15 montørar på jobben, der nokre av dei er innleigd personell frå Advantec Elektro heimehøyrande på Stord. Inne i bygget treff me på Daniel Franco som held på med skøyting av fiberkabel. Harald Keilegavlen viser stolt fram hovudtavla, som enno ikkje er spenningssett. Harald fortel han har 40 års medlemskap bak seg, og 45 år i bedriften, og held fram med at han beklagelegvis var litt sein med å melda seg inn. Ferdigdato på prosjektet er 1. mars. Mykje arbeid står att, men gutane har god tru på at dei skal bli ferdige til den tid.