Fin første mai feiring også på Stord

Arve Bakke heldt ein god tale på fyrste mai på Stord. Det same gjorde Lone Lunemann Jørgensen.

Feiringa gjekk føre seg med frukost på Stord Hotell og demonstrasjonstog til torget på Leirvik. Parolar i toget var mellom anna «arbeid gjev velferd», «forsvar dagens uførepensjon» og «sjukehus er for helse, ikkje profitt». Ungdomsapellen vart halden av Lone Lunemann Jørgensen frå Raudt. Hovudtalen vart halden av forbundsleiar i Fellesforbundet, Arve Bakke. Bakke heldt ein lang og god tale der han fokuserte på industrien sin betydning for velferdsstaten. Vidare oppmoda han alle til å bruka røysteretten ved haustens kommune- og fylkestingsval.