Frokostmøte med ordfører Harry Herstad

LO i Sunnhordland hadde torsdag 17. desember invitert ordføraren i Stord, Harry Herstad, til eit frokostmøte med fagbevegelsen. På agendaen var dagsaktuelle saker som sjukehuset på Stord, asylmottak/flyktningekrisa, E39 over stord. Også investeringar i ny Stord ungdomskule, 40 nye sjukeheimsplassar, fleirbrukshall i Sagvåg og ny ungdomskule på Nysæther var på agendaen. Privatisering av vasketenestene som vart gjort medan dei blå styrte kommunen skal takast tilbake så fort det let seg gjera. Kjell Sverre Aasheim i Elektroarbeidernes fagforening mener at styrking av det faglig politiske samarbeidet er svert viktig.