God fyrstemaifeiring på Stord

Det var fint vær under 1. mai feiringa på Stord, og det var god oppslutning. Den nyvalde leiaren i LO Sunnhordland, Rolf Åsmund Skår ønskte velkomen til frukost på Stord Hotel klokka 10.30.

I samband med frukosten hadde Tony Eriksen ungdomsappell, Magne Rommetveit politisk appell og Tor Eivind Djuve internasjonal appell. Atle Hansen stod for det musikalske.
Etter frukosten gjekk toget ned mot Borggarden. Der venta Breibandet BIG BAND som stod for det musikalske der.
Oddny Miljeteig heldt årets hovudtale i Borggarden. Det var fem parolar for dagen, mellom anna: Ja til faste tilsetjingar og handlefrie sundagar.