Halvårsmøte i Distriktet

Distrikt Hordaland/Sogn og Fjordane hadde halvårsmøte i representantskapen den 12. november.

Mellom sakene var orientering om økonomi, landsmøtesaker og oppsummering av politiske streik.
Under punktet om Landsmøtet nytta Ole Erik Thingnes (til høgre i biletet) høve til å minne om at ei rutilgruve som er planlagt i Naustdal, kan komme til å øydelegge heile Førdefjorden om den vert etablert.
Heidi Bøyum og Morten Bildøy vart vald som dirigentar og styrte møtet på ein god måte.