Karsten Bøe gjenvalgt som klubbleiar i Aibelklubben

Fredag 18. februar var det duka for årsmøte i klubben i Aibel.

I og med at dei fleste av medlemmane i klubben kjem frå Rogaland og Hordaland, er årsmøtet annakvart år i Bergen og Haugesund. I år vart det på Rica Maritim i Haugesund, med om lag 25 frammøtte medlemmar. Også medlemmar heilt frå Finnmark var møtt fram.

Rekneskapen vart framlagd. Denne viste god økonomistyring med ein auke i behaldninga, og vart godkjend utan kommentarar. Også budsjettet gjekk gjennom som framlagd av klubbstyret utan kommentarar.

Av innkomne saker var det ei innkommen sak. Dette gjekk på eit forslag om å gå vekk frå månadsutbetalingssystem.

Forslaget førde til ein engasjert debatt, men enda til slutt med at det berre var 3 av dei frammøtte som støtta forslaget. Månadsutbetalingssystemet lever difor vidare.

Deretter var det duka for val. Det var fleire posisjonar i klubbstyret på val, men den viktigaste var nok klubbleiarposisjonen. Karsten Bøe vart gjenvald som klubbleiar utan motkandidatar, og me gratulerar han med valet.

Etter at årsmøtet var avslutta, hadde John Helge Kallevik informasjon om planlagd kurs i etterutdanning i Rogaland. Underteikna informerte om gjennomførd kurs, og planlagde kurs i Hordaland, Sogn & Fjordane.

Deretter vart det opna for andre spørsmål, og det vart då teke opp blant anna berekningsgrunnlag for pensjon, og i tillegg vart det fokusert på kontingentnivået.

Møtet vart avslutta med god mat og drykk i restauranten på hotellet.

Kjell Sverre Aasheim