Kontaktmøte på Stord

Elektroarbeidernes Fagforening hadde kalla inn til kontaktmøte onsdag 5. desember klokka 1900 i våre lokale i Sjøhuset på Stord.

Agenda for møtet var:

1. Forsikringar gjennom medlemskapet v/Knut Berntsen frå Sparebank 1
2. Status tariffoppgjeret 2008
3. Eventuelt

Det var godt oppmøte, og det var totalt samla om lag 35 medlemmar på møtet.
Knut Berntsen frå Sparebank 1 hadde teke turen frå Bergen for å informera medlemmane om forsikringsordningane me har gjennom medlemskapet. Medlemmane opplevde denne gjennomgongen som svært nyttig.
Det vart difor berre tid til ein kort status i tariffoppgjeret 2008.
Fagforeninga baud på pizza under møtet.