Sommerspørsmål til Ole Erik Thingnes

Avisa Firda har gjort følgjande e-postinterju med Ole Erik Thingnes 20. juni, om kva ein gjer om sommaren – og litt elles…

SIDESPRANG

Firda tysdag 20. juni 2006

Eit epost-intervju med

OLE ERIK THINGNES

ALDER: 29

YRKE: ELEKTRIKAR OG

DUGNADSARBEIDAR

BUSTAD: VEVRING

Kva er sommarens vakraste eventyr?
Fjord, båtliv og sol i Vevring.

Er ferieplanane klare?
Ferien vert nok hovudsakleg lagt til den flotte heimbygda mi. Må klargjere båten, og elles
vert det kanskje ein Bergens-tur, sjøvegen so klart.

Korleis merkar du tidenes velstandsauke?
At eg aldri har tid til det egsjølv kunne tenke meg å gjere.

Kva luksus unner du deg?
Den tida eg får på fjorden i båten min, eller langs landevegen på to hjul.

Kva blir ditt neste prosjekt eller investering?
Det vert nok lagt litt tid og ressursar i å ruste opp «yacht’en». Elles har eg vurdert å «byggje meg ein
gard», om enn i litt mindre skala.

Kor mykje satsar du på børsen?
Førebels ikkje ei krone, anna enn aksjar i lokalbutikken.

Kva merke var din første bil?
Ford Taunus, sjølvklart…

Kva bil køyrer du i dag?
Nissan Patrol, ein trufast slitar om noko sliten.

Korleis tente du di første krone, og kva var timelønna?
Trur den fyrste krona eg tente var frå sal av stein plukka
på vegen til foreldra mine. Og det var vel dei som kjøpte dei attende.

Kor mykje brukar du på pengespel?
Hadde ein tradisjon med innlevering av lotto-kupongen kvar femte veke, men denne har eg erstatta med lottolag
og «skrapesykja». Vi har eit uformelt lag med vilkårleg møteplikt på Fjordbutikken i Vevring kvar laurdag i
12-tida. Her skuslar vi vekk uante resursar på sosial moro.

Kva er største gevinsten til no?
Totalt sett, etter ti år med iherdig innsats, har
eg vel skuffa inn 150 kroner kanskje?

Femmillionars gevinsten blir brukt til?
Betale tilbake låneopptaket til dei heilgarderte kupongane…

Har du fiskelykke? Kanskje.

Rekordfisken? Ein laks på 3 kilo.

Overtruisk?
Absolutt! Eg trur faktisk at lottolaget i Vevring kjem til å vinne grasat med pengar ein vakker dag. Og
då kan du ta deg viss på at eg skal vere med å kaste dei i veret, bade i dei og bruke dei på gjennomtenkte og fornuftige
tiltak.

Har du eit rituale du berre må ha med deg?
Ja, «skrapesykja» kvar laurdag og «Vevringsutstillinga» i september

Kva ville livet vore utan Internett?
Enklare, men gjerne litt tregare og meir avslappa.