Stein Aamdal besøkte Stord

Det var medlemsmøte på Sjøhuset 6. mars.


Stein Aamdal var tilstades og hadde innlegg om AFP.
Han kom direkte frå møte i Oslo, og medlemmane satte stor pris på at han ofra eit døger ekstra slik at me kunne få siste status i forhold til situasjonen rundt AFP.

Det var AFP som var hovudtema på møtet, men det vart også informert om tariffoppgjeret elles, og prosessen som har førd fram til dei krav/prioriteringar som vart gjort på LTK.

Det kan også nemnast at det vart avholdt medlemsmøte / rundreise i Odda 28. og 29. februar. Møtet vart avholdt på Peppe`s Pizza i Odda, og det var ettermåten svært godt frammøte der inne.

– Kjekt med mange medlemmar av den yngre garde som stilte, melder organisasjonssekretær Kjell Sverre Aasheim.