Suksess med polsk kveld

Tirsdag 22. januar inviterte fagforeininga polske elektrikarar i Bergen og omegn til samankomst i fagforeininga sine lokale i Kalfaret.

Formålet var å knytta kontakt med dei polske elektrikarane og gjera dei kjent med kva fagforeininga kan tilby av hjelp til sine medlemmer.
Omlag 35 polske elektrikarar møtte opp og fekk ein presentasjon framført av Åge Blummenfelt med tolk.
Det vart utveksla ei rekkje spørsmål og svar under møtet der fleire lot seg organisera i EL&IT forbundet.
Leiinga i fagforeininga konstaterte at møtet vart ein suksess og vil følge dette opp med tilsvarande arrangement seinare.