Tariffoppgjøret 2018 har startet

Forberedelsane til tariffoppgjæret 2018 er i gang. Fagforeininga har nedsatt 4 grupper som skal sjå på dei forskjellige §§ i Landsoverenskomsten for elektrofag.  § 9 og offshore med Karsten Bøe som gruppeleiar. § 4, PAO og PAS har Kjell Sverre Aasheim ansvar for, Roger Nese §§ 5 og 6, og dei resterande §§ Øyvind Landsvik. To av gruppene hadde møte i Kalfarvei 71 onsdag 5 juli. Roger Nese  hadde med seg Remi Unnvik, Kolbjørn Lygre og Jon Kristian Viken. Medan Øyvind Landsvik hadde samla dei fleste av sine gruppemedlemmar, Rune Myntevik, Terje Høysether, Andreas Nilsen og Øyvind Grindheim.

Gruppene går nøye igjennom paragrafane og prøvar å finne forbedringar, komme med endringar eller nye punkt. Gruppen skal legge fram sitt arbeid og komme med ei innstilling til styre i fagforeininga til styremøte 1.september