Tilsette i Edvin Larsen organiserer seg etter oppkjøp

Montørane i installasjonsfirmaet Ing. Edvin Larsen A/S har no organisert seg i Elektroarbeidernes Fagforening, det dreier seg om 12 nye medlemmer. Denne vendinga kom etter at firmaet blei kjøpt opp av Inst. M. Thunestvedt A/S, no i haust.

Sjølve innmeldinga skjedde etter eit møte dei tilsette hadde med fagforeininga, men det er likevel klubbleiar Roger Nese ved M. Thunestvedt som har vore motivator og bindeleddet for å få dette på plass.

M. Thunestvedt sikra seg også for få år sidan eit nytt samanslått Vangen Elektro, der det alt var organiserte tilhøve. Nese opplyser at klubbene samarbeider særs godt, og at Thunestvedten no er kommen opp i om lag 140 tilsette alt i alt.

Han fortel vidare at formidlinga av informasjon om resultater av det praktiske klubbarbeidet og fordelene ved medlemskap, nok var ei positiv overrasking for dei tilsette i Edvin Larsen, og bidrog til at dei ville bli med i fellesskapet.

-Om Edvin Larsen vil forbli eit dotterselskap eller bli ei avdeling i M. Thunestvedt er enno ikkje avklara, seier Nese, og avsluttar med at han forventer endå fleire innmeldinger av nytilsette på klubbmøtet som skal haldast seinere i dag.

Inst. M. Thunestvedt A/S og Ing. Edvin Larsen A/S er begge Nelfo-bedrifter.